Som gjest i Bremerfjøsen tek våre kokkar deg med ut på ei kulinarisk smaksreise, tufta på kvalitetsråvarer frå gardar og grender, fjord og fjell. Rettane er inspirert av god, tradisjonsrik heimelaga mat. Me er stolte av rause porsjonar og ikkje minst fantastisk god smak!
Du kan gjerne kome med forslag til kva du ynskjer servert, og kokken vil utarbeide forslag til meny med prisoverslag. Dersom du er usikker på kva du ynskjer av rettar kan me gje deg inspirasjon og kome med forslag!